Nye direktiv for middagsbordet. Løysinga på det såkalla klimaproblemet er å eta mindre kjøt, spesielt raudt kjøt. Dette ender i reine parodien. Det neste vert vel å oppretta eit eige klimapoliti som skal passa på at eg ikkje fyrer med ved, eller passerer tilmålt kvote for kjøt. Klimapolitiet får ein lett jobb hjå meg, for eg har ikkje tenkt å retta meg etter det kollektive hysteriet. Eg har heller ikkje tenkt å delta i det store hykleriet der alle trur at eg gjer som alle andre. Det er rett før eg misunnar dei frie borgarane av Aust-Berlin, i STASI-tida.
Eg brukte litt av laurdagen til å sjå på avisrundet på TV2. Sjølv ikkje sametingspresidenten la inn eit ord for den fremste same-næringa: Reinsdyrkjøt. Eg hadde venta såpass eigenmarkering av ein same, spesielt etter at sanningskomisjonen nett har lagt ut ein massiv rapport. Godt og vel sju hundre sider, har eg høyrt.
Det slår meg at alle som ytrar seg, tek klimatullet for god fisk. Det vert brukt til å forsvara både utidig innblanding i privatlivet og bygging av kostbare luftslott.
Litt om mekanismen bak global oppvarming: Når temperaturen stig, aukar atmosfæren sin evne til å ta opp gassar. Det gjeld både H2O og CO2. Opphoping av gass er ein konsekvens av oppvarming, ikkje årsak. Dette er kjent fysikk.
For deg som framleis trur på klimasaka: Dersom me tek omsyn til alle relevante faktorar, har Norge meir enn fylt opp vår kvote av tiltak. Skal me planta skog i utlandet når vår eigen skog ikkje er med i reknestykket? Eller at Kina har fått lov til å auka sine utslepp. Dette heng ikkje på greip. På tide å kobla inn hjernen.
Tanken om den menneskeskapte globale oppvarminga er omlag like rimeleg som teorien om at me vert spraya frå lufta.
Foto, Svein Grødaland:
På med tinnhattane. Her har det gått fly…..
Henta frå Svein Grødaland si Facebook-side og gjeve att i samsvar med han.