Svein Grødaland:
Erdogan vann valget i Tyrkia. Når eg veit at Vesten / USA helst ville ha den andre kandidaten, tenker eg som så, at det var like godt Erdogan får ein periode til. Det som er bra for USA, er ofte ikkje fullt så bra for andre land.

NRK klaga over homofile sin situasjon Tyrkia. Kva ventar folk av eit muslimsk land, der Islam får sterkare fotfeste etter ein periode som sekulær stat. Homofili er strengt straffa i Islam. Statskanalen vår ytrar seg sjølvsagt i tråd med gjeldande ideal i vår kultur. Ingen ventar noko anna. Vår kultur er nokså blind for at verdiar kan variera frå kultur til kultur. I Tyrkia er det Islam som gjeld, for det meste. Nå støttar eg ikkje korkje Islam eller Sharia eller muslimane sine krav om særbehandling der dei slår seg ned. Eg berre konstaterer korleis ting er.
Vestleg liberalisme er ikkje spesielt vel ansett. Vår Woke-kultur med flytande kjønn, lett tilgang på hormon og kirurgi, pluss solid propaganda for LHBT i skulen, gjer at mange er skeptisk. Dei vil ikkje ha dette forfallet i sitt land.
Det er eit aspekt til: Det er USA/CIA sin modus operandi å støtte opp om gryande opposisjon i land som ikkje tilfredstiller våre krav til demokrati. Libya, Afghanistan, Syria, Irak, Iran. Svært ofte har USA klart å plassera sin marionette i presidentstolen etter ein slik prosess. Mange regimer i Afrika og spesielt i Sør Amerika har fått bistand via CIA til å koma i posisjon, ofte i strid med folkeviljen i landet. Skulle folket få viljen og velja ein president og ei regjering etter eige hovud, er dei ofte blitt møtt med sanksjonar frå USA.
Eit land som Cuba slit ennå med dette etter at Castro kasta ut den USA-støtta diktatoren Fulgenio Batista i 1959. USA blokkerer Cuba, og ventar at alle andre gjer det same. Folket på Cuba har prøvd å gjera det beste ut av situasjonen. Ei typisk greie er at dei har klart å gjera gamle bilar frå femtitalet til ein turistattraksjon. Når ein ikkje lenger får tal i deler, må det improviserast. Eg kunne sagt meir om Cuba. Det får vera til ein annan gong.
Poenget er at eg er glad for kvar gong eit slikt land markerer seg uavhengig i forhold til vestleg støtte til opposisjonen i landet.
Eg har ikkje dekning for at dette skjer i alle land som prøver å styra landet uavhengig av vesten. Det me veit er at lista over land der USA/CIA har blanda seg inn i andre statar sine interne valg, er lang som eit vondt år.
Tyrkia kunne vore ein opplagt kandidat til slik innblanding. Erdogan har vist seg både sterk og handlekraftig til å setja foten ned overfor Vesten. Det er lite populært i ein del hovudstader. Han har tirra Nato, han har hestehandla med Europa om migrantar Europa ikkje vil ha, mot betaling. Han har kjøpt militært ustyr frå Russland, mot USA protester frå USA.
Han handlar både med USA og Russland, akkurat som jugoslaviske Josip Broz Tito gjorde i si tid, til fordel for sitt land.
Henta frå eit innlegg av Svein Grødaland på Facebook,
og gjeve att med hans samtykke.
Uthevingar av Politikus.