Svein Grødaland,
frå eit Facebook-innlegg
Det er ikkje nødvendig å spionera på vår industri. Den informasjonen har me levert fra oss for lenge sidan. Då den kalde krigen var over, i 1989, byrja den store globaliseringa. Hovudtendensen var at vestlege selskap produserte der inntektene var minst, selde der kjøpekrafta størst og og tok inntekt der skattane var lågast (fritt etter artikkel i Klassekampen, 26. april 2023)
I tillegg fekk me ein domino-effekt, der det vart «nødvendig» for andre å gjera det same for å kunna konkurrera. Resultatet er at Vesten har overlete det meste av viktig produksjon til utlandet, i hovedsak Asia, meir spesifikt til Kina og Korea.
Kvifor skulle kinesarane driva industrispionasje når dei bokstavleg talt får heile industrien i fanget?
Kva sit me att med?
Dei skuleflinke med høg utdanning, flinke ingeniørar som nok kan pønska ut gode idear, men er lite i stand til å setja eigne prosjekt ut i praksis. Me er som ein kropp med eit godt utvikla hovud, men utan hender. Me har levert frå oss industrien, og sit att med nokre kapitalistar som ikkje er brukande til noko som helst. Dei har aldri skapt noko, bortsett frå fiktiv kapital, med neste tertial som horisont.
Ta heile landet i bruk på ny?
Pessimist? Både ja og nei. Eg kan vera pessimist på vegne av det samfunnet me har, samtidig som eg ser at det trengs eit skifte. Då tenker eg ikkje berre på det grøne skiftet. Me må vri idealet frå det teoriflinke samfunn, på satsinga på teoretisk kunnskap, frå teoretikarane over til eit praktisk samfunn der det er bruk for alle. Etter at kapital og finans har rasert arbeidsplassene, er tida inne til å både ta heile landet i bruk på ny, og eit verdig liv til alle folka som bur her. Me har mange unge som samfunnet har dytta over på trygd, ung ufør heiter det. Mange av desse har både evne og lyst til å gjera ein innsats for eiga inntekt og for samfunnet.
Det er snart slutt på den tida då me levde høgt på andre si arbeidskraft og ressurser. Det vert for kostbart for samfunnet over tid å driva etter anbudsprinsippet. Det fører gjerne til at me let utlendingar ta dei arbeidsplassene me kunne hatt bruk for sjølv.
Dersom billigast alltid er best, burde alle idealistane i landet kjøra rundt i Lada frå åttitalet.
Den vart forresten seld som konseptet til Sovjet. Utgangspunktet er ein italiensk Fiat 124. Den som kan litt om bil, vil sjå at dei to bilane er bortimot prikk like. Det var billigare å la Sovjet byggja bilen og kalla den Lada. Pluss at det var ein fordel for Sovjetisk økonomi.
Framheva bilete: Kontor og kultur på Aker brygge. Foto: SvG.
Innlegget er gjengitt med Grødalands velvillige tillatelse og står for hans meninger.