Hans Olav Brendberg om grunner for første verdenskrig

Begynner en verdenskrig
som en konkurs:
Først veldig sakte, så plutselig?

Dette innlegget la Hans Olav Brendberg ut på sin Facebook-side 23.04.2023. Det er gjengitt her med hans tillatelse. Innlegget står for hans meninger.  Mellomtitler av Politikus.

Hans Olav Brendberg:

Første verdskrig byrja med at eit eldre ektepar vart drepne i Sarajevo. Dette kunne ein sjølvsagt ikkje finna seg i – her måtte det til eit kraftfullt svar. Så var ein i gang – og ein greidde ikkje å slutta før 18 millionar menneske var daude.

Alltid gode grunnar for krig,
men ingen gode nok til å starta ein

Det finst mange gode grunnar til å starta krig. Svært, svært få av desse er gode nok. Og det at ein er moralsk opprørt er ikkje ein av dei. Det vil alltid vera kappestrid mellom sterke statar, og alle er tent med at denne kappestriden i minst mogleg grad blir militær. Frå eit reint darwinistisk perspektiv ville det sikkert vore like greitt om dei som aldri har lese ei bok om austeuropeisk historie, men som likevel skriv tiradar om «fascisten Putler», fekk tent ein brann som konsumerte unge menn i same skala som kronprinsdrapet i Sarajevo. Men vi lever i ei verd der atomvåpen er oppfunne, og det er få grunnar til å tru at eit slikt eksperiment vil gå bra.

Konkurs på to måtar:
Først veldig sakte – og så plutseleg

Ein tidlegare rikmann vart eingong spurt om korleis han gjekk konkurs. Han svara «på to måtar. Først veldig sakte – og så plutseleg». Krigen i Ukraina er inne i «veldig sakte»-fasen. Når vi kjem til «og så plutseleg», er faren for global atomkrig like stor som under Cuba-krisa. Då trengs mobilisering. Etterpå kan vi leva av tomme løfte, brotne forventningar og djup mistillit. Og sidan alle var samde om denne meiningslause politikken, kan ansvaret smørast tynt utover.

Brendberg fekk kommentarer til dette innlegget i ettertid:
Ein skreiv:
Ein får hugse på at dette attentatet ikkje var einaste grunnen – mellom den 28. juni og krigserklæringa frå Austerrike ein månad etter var det haugevis av mistydingar, feiltolkingar og brotne voner. Mange kunne ha hindra dette, og historia kviler stundom på små detaljar.
Brendberg:
Men det kan nok også henda at nokre ønskte å dytta denne krisa i retning krig.
Og krigen kunne også ha vore stoppa i 1916. Men då var det sterke interesser som ikkje såg seg tente med ein fred basert på status quo. Dei greidde å hindra det lovande fredsinitiativet.
Og slik gav dei verda to år ekstra med krig – og millionar av daude. Og sådde i tillegg frøa til neste krig.
Den same «ein»:
Det var regjeringsskiftet i Storbritannia ja. Asquith mot LLoyd George, meir krigspropaganda og «siger same kva det kostar».
Brendberg:
Lord Lansdownes notat til regjeringa i november 1916 var svært godt underbygt. Regjeringsskiftet kom for å unngå fredsforhandlingar. Dette er historie som har vore tidd om i hundre år, men som no blir seriøst diskutert i nyare bøker.
Framheva bilde:
Tekst og bilde henta fra snl.no:
«Skuddene i Sarajevo: Tegningen viser Gavrilo Princip skyte mot Franz Ferdinand 28. juni 1914.
Tegnet av Achille Beltrame, og publisert på førstesiden av den italienske avisen Domenica del Corriere 12. juli 1914.»
Bilde falt i det fri.