Hvem sprengte Nord Stream? De som sa de skulle det, eller andre som gjorde det for å gi skylda til dem som sa de skulle det?
Den største sabotasjeaksjonen mot en EU-infrastruktur er noe ingen statslojal europeisk journalist tør undersøke. Av frykt for hva de kan finne ut? I stedet brukes all energi på å kritisere dem som hevder at USA eller USAs allierte gjorde det.
I Dag og Tid nr 7 i år skreiv politisk kommentator og folkerettsekspert Cecilie Hellestveit en lengre artikkel forma som et intervju med seg sjøl: «Cecilie Hellestveit intervjuar seg sjølv om kvifor Russland angrip seg sjølv.»
I det siste nummeret har Erik Klepsvik et motinnlegg til Hellestveit under tittel «Hellestveits (og andres) røykteppe.» Klepsviks innlegg gjengis her med hans tillatelse. Innlegget står for hans mening.
Red. politikus.no
Erik Klepsvik:
Hellestveits (og andres) røykteppe
Øydelegginga av Nord Stream-gassrøyrleidningane er den største sabotasjeaksjonen nokon gong mot viktig EU-infrastruktur, men blir stort sett ignorert av vestlege medium. Ja, det er eit paradoks at medan den russiske invasjonen av Ukraina blir omtalt i media som om suverenitetskrenking er ei fyrstegongshending, blir industrisabotasjen mot Nord Stream-røyrleidningane dekt som om det var kvardagskost.
Cecilie Hellestveit, som ei av få her i landet, skreiv om sabotasjen i form av eit intervju med seg sjølv i Dag og Tid nr. 7, og konkluderte med at sidan det er så mange moglege skuldige, er Russland den mest sannsynlege. Me skal vera glade for at Cecilie Hellestveit held seg til folkeretten, og ikkje til det norske rettsvesenet, for med hennar metode skulle norsk politi, stilt overfor eit brotsverk, heilt sjå bort ifrå eiga fråsegn om planlagd gjennomføring, motiv, gjennomføringsevne, val av åstad og ikkje minst gledesfråsegn over gjennomført udåd, og i staden konstruera kompliserte teoriar om hybrid kriminalitet.
Cecilie Hellestveit meiner at det er for mange på lista over mistenkte, og at det er mest sannsynleg at Russland står bak. Men mange, blant anna den kjende amerikanske økonomen Jeffrey Sachs, kjem til motsett konklusjon – at det er få mistenkte, og minst sannsynleg at Russland står bak, og at ein derfor står att med USA, Ukraina og kanskje eit internasjonalt terrornettverk.
At Ukraina skulle kunne gjennomføra dette på eiga hand er lite sannsynleg; artiklar publiserte både i USA og i Tyskland dei siste dagane om at det er ei lita proukrainsk gruppe i ein leigd seglbåt som står bak denne svært kompliserte industrisabotasjen, er vanskeleg å festa lit til. Då er det større grunn til å ha tiltru til journalisten Seymour Hershs påstand (med hemmeleg kjelde) om at det er USA, med norsk hjelp, som står bak. Og skulle eit internasjonalt terrornettverk stå bak, ville alle land, USA inkludert, brukt store og godt koordinerte ressursar på å finna den skuldige, og ikkje som no, halda resultat av eigne undersøkingar tett til brystet, og parkera skuldspørsmålet som eit mysterium.
I mange medium utanfor vestverda har ein for lengst konkludert med at det er svært sannsynleg at det er USA som står bak sabotasjen mot Nord Stream.
- For det fyrste har både president Biden og viseminister Nuland offentleg sagt at dei vil syta for at røyrleidninga ikkje lenger vil bli operativ. President Biden sa (mi omsetjing): «Viss Russland invaderer, altså at stridsvogner og troppar kryssar grensa til Ukraina, då vil det ikkje lenger vera ein Nord Stream 2. Me vil avvikla denne (’bring an end to it’).» Viseminister Nuland sa (mi omsetjing): «Viss Russland går mot Ukraina, vil det direkte påverka gassrøyrleidninga (’direct impact’), og det er vår forventning i dei samtaler me har […] viss Putin går mot Ukraina, er vår forventning at røyrleidninga blir suspendert.»
- For det andre har USA i mange år vore høglydt motstandar av at Nord Stream 2 skal ferdigstillast.
- For det tredje er det særs få aktørar utanom USA som har evne til å gjennomføra og halda skjult ein så kompleks operasjon som sprenging av ei røyrleidning er.
- For det fjerde er val av åstad eit havområde som blir hyppig trafikkert og overvakt av skip og fly tilhøyrande Nato-land og USA, og som derfor eignar seg godt for ein operasjon gjennomført av eit Nato-land.
- For det femte har Victoria Nuland i ei senatshøyring sagt (mi omsetjing): «Senator Cruz, som deg, er eg, og eg trur også regjeringa, svært tilfreds med å få vita at Nord Stream 2 no er, som du liker å seia, ein klump metall på havbotnen.» Blinken sa etter sabotasjen at denne gjev «a tremendous opportunity» ein gong for alle til å avslutta Euopas avhengigheit av russisk energi». Dette er ikkje akkurat språkbruk ein kunne forventa etter ein industrisabotasje mot alliertes infrastruktur. USA mottok også gratulasjonar får fleire politikar (Polen og Storbritannia) etter sprenginga.
Kven som har vore USAs handlangar kan vera noko meir komplisert å finna ut av, men at Noreg, som ekstremt USA-venleg, med ein norsk generalsekretær i Nato, med inngåande røyrleidningskompetanse, og med store økonomiske fordelar av øydelegginga av Nord Stream er dette i alle fall ikkje ulogisk.
Hellestveit meiner kanskje at norsk politisk moral er heva over dette, men kanskje ein ikkje skal vera for trygg på det.
Hellestveits argumentasjon for kvifor Russland driv med sjølvskading, står seg nok best ved å nytta hennar journalistiske metode – eit intervju med seg sjølv. Eg minnest eit tilsvarande skriftstykke frå henne for nokre år sidan på Folkerettsinstituttets nettstad, der ho hevda at USA folkerettsleg truleg hadde rett til å likvidera den iranske generalen Soleimani («Hvorfor angrepet på Qasem Soleimani trolig ikke var folkerettsstridig»). Også der presenterte Hellestveit lesaren for komplisert argumentasjon for å bortforklåra det opplagte.
Gassrør. Foto: iStock.