Arnt Folgerø er tidligere NTB-journalist nå bosatt på Helgelandskysten og skriver politiske innlegg i flere medier. Dette innlegget ble lagt ut på Document.no 22.02.2023. Han skriver om dem som bygde opp Europa etter forrige verdenskrig, hvordan klansveldet i Europa blei knust etter kirkemøtet i Nikea og den omfattende dekonstruksjonen av det europeiske og norske samfunnet som han mener skjer.
Han trekker fram Thomas Hylland Eriksen som destruksjonens nasjonale ideolog i Norge.
Etter avtale med Folgerø er innlegget gjengitt her, men en lengre reisebeskrivelse av forsøk på å komme i kontakt med utenlandske passasjerer på Hurtigruta er i samråd med han sløyfa her. Det som er gjengitt her er gjengitt uten redigering.
Innlegget står for hans mening.
Arnt Folgerø:
…
I underverda i London
Dei nemnde hendingane og ei rekkje andre liknande røynsler har fått meg til å tru at eldre, utanlandske turistar på Hurtigruta ikkje er interessert å koma i prat med andre enn dei som dei reiser i lag med. Det virkar som om dei har nok med seg sjølve, og dette inntrykket festar seg enda meir på denne februar-turen, der det berre er pensjonistar som er med. Dette er menneske som ikkje ønskjer nye opplevingar, bortsett frå turen med Hurtigruta. Dei ønskjer å få vera i fred og er nøgde med det dei er vane med, det trygge og det gamle. Den europeiske etterkrigsgenerasjonen er sliten. Å byggja opp Europa etter verdskrigen innebar slit og forsaking, noko som har avleira seg i klumpete kroppar, skakke og skeive der dei trippar bortover skipsdekka. Dei er ferdige med å prata med andre enn folk dei kjenner frå før, nye opplysninger om folk og fe, land og strand, om politikk og verdsituasjonen er ikkje noko dei vil taka inn over seg. Dei er på eit vis ferdig med verden og livet, og tek i beste fall på seg rollen som tilskodarar. Og det er vel ikkje anna å venta når ein ser at mange av dei er ustøe på beina, nokre går med stokk, mange sit i rullestol, ja, det er som å vera på ein norsk sjukeheim, kan hende med den skilnaden at gamle folk ser ut til å få betre stell på Hurtigruta enn på ein vanleg, norsk, sjukeheim. Kan hende skulle kommunane byrja å kjøpa sjukeheimsplassar om bord i Hurtigruta, tenkjer eg der eg forsyner meg med mat frå ein overdådig frukostbuffet.
Ikkje berre er mange av pensjonistane skrøpelege, mange av dei er også småvokste, særleg mennene. Eg kjem til å tenkja på dårleg, proteinfattig mat i etterkrigsåra og på Georg Orwell, som i ei av reportasjebøkene sine, er uroa over kor småvokste mange menn frå arbeidarklassen i England er (var). Eg hugsar ikkje om han kjem inn på dette med kost og kroppshøgde i boka «The Road to Wigan Pier» eller «Down and out in Paris and London», for øvrig to av dei beste reportasjebøkene som eg veit om, i tradisjonen etter ein annan forfattar, Jack London, som skreiv den meisterlege , «The people of the Abyss», om filleproletariatet i London, byen med det same namnet som hans eige etternamn. Forfattaren gjekk ned i Londons ”underverd” og levde som tiggar og huslaus i eitt år for å kunne skriva boka.
Ingen Nobelpris til Orwell
Det er merkeleg at ikkje Orwell fekk Nobels litteraturpris, tenkjer eg. Var det nokon som hadde fortent den, var det Orwell. Ingen forfattar i Vesten har vel ikjøta dei liberale idealane og den kritiske haldninga som man so ofte prisar i festtalar, meir enn nett Orwell. Han hadde og ein stor litterær produksjon bak seg på 1950-talet, tenkjer eg der eg vandrar rundt frukostbuffeten på Hurtigruta saman med den generasjonen som bygde opp Europa etter andre verdskrigen. Ikkje rart et dei er slitne og skakke og ikkje orkar meir prat om politikk, denne generasjonen, den mest opne og tolerante som verda har sett og som innførde menneskerettane og bygde opp dei europeiske velferdsstatane.
Men ved å byggja opp den liberale rettsstaten og demokratiet og gjera sine eigne lovar universelle, la dei samstundes Europa open for hordar av folk utanfrå som bar med seg tradisjonar som Europa brukte 1000 år på å koma seg bort frå. Det Europa som vaks fram i etterkrigstida, var eit Europa som fjerna seg frå intoleranse og samfunnsmessige klanstrukturar med ledsagande samfunnsproblem som nepotisme og korrupsjon og ein politikk som vert styrt av slektsband og personlige relasjonar, og som ikkje har nokon plass i eit moderne vestleg demokrati.
Eg har vanlegvis med meg lesestoff på hurtigruteferdene mine. Denne gongen er det eit sosialantropologisk storverk, «The Weirdest People in the World», av amerikanaren Joseph Henrich. Boka er ei skildring av korleis den moderne verda med vitskap og demokrati vart mogleg nettopp i Europa fordi utviklinga her skapte ein sosialpsykologi og ein kultur som var eit naudsynt vilkår for at det moderne samfunnet kunne veksa fram, eit samfunn som var og er heilt annleis enn det som har vore vanleg elles i verda. Boka til Henrich er ei sosialantropologisk utfylling og eit komplement til studiane til folk som Emil Durkheim, Karl Marx, Max Weber, Ferdinand Tönnies osv. Den gir ei grundig og glitrande framstilling av korleis Europa vart det Europa me kjenner og som er noko heilt eineståande i verda med samfunn prega av vitskap og demokrati.
Destruksjonen av Noreg
Med hjelp frå moderne, sosialantropologiske forskningsmetodar og vitskapeleg handsaming av historiske og økonomiske data, har Henrich, saman med andre forskarar, fått fram korleis den kristne kyrkja allerede frå kirkemøtet i Nicea byrja å sette i verk tiltak som etter kvart oppløyste klanveldet og innførde monogamiet som ekteskapsform. Dette skapte grunnlaget for det moderne Europa med utviklingen av kapitalisme og ein vitskapskultur utan make med dei «merkelegaste» menneska i verda, europeerane.
Det er framleis i USA det viktigaste skjer i vår tid, både vitskapeleg og kulturelt og både på godt og ondt. Det amerikansk sosialantropologien har, gjenom folk som Henrich, gjeve viktige bidrag til å forstå korleis den moderne verda vaks fram i Europa. Den er og eit døme på kor livskraftig samfunnsforskninga er i visse miljø i Vesten, ei samfunnsforskning som ellers nærmast har havarert i ein woke-kultur som reduserar samfunnsvitskap til ei sanselaus relativisering og eit åtak på dei vitskapelege prinsippa som har skapt den moderne verda.
Uten å påstå at eg har spesiell innsikt i samtidig, norsk sosialantropologi, kan eg nok slå fast at den er herja av den rådande politiske korrektskapen og den medfølgjande woke-kulturen som forvrøvlar alle spørsmål den kjem borti og gjer alt til eit spørsmål om politisk makt og personleg identitet. Den førande sosialantropologen i Noreg i dag er Thomas Hylland Eriksen, som har via sitt «vitskapelege» liv til å «dekonstruera» det norske med ønskje om å gjere dei etniske norske til ein minoritet i sitt eige land. Han har skrive om tidsklemma til det norske kulturborgerskapet, vore en iherdig talsmann for multikulturen og kreolisering av samfunnet og er sjølve ypperstepresten for politisk korrekt sosialantropologi i Noreg.
Og på dette grunnlaget må ein kunne seia at han har brakt sosialantropologien her til lands svært nært sitt nullpunkt og eit tilhøyrande, intellektuelt konkursbo. Men i det politiske korrekte Noreg hyllast Hylland Eriksen som ein helt. Som ein av førarane for den politisk korrekte ideologien her i landet har han vorte overdryssa med prisar og utmerkinger for å ha leda studentar og andre «enfoldige» inn på den politisk korrekte vegen med sine ideologiske forføringskunstar frå professortaburetten sin, eit fyrtårn og vegvisar ut av det europeiske, patriarkalske og kvite «kulturtyranniet».
Den nye adelen
Er det eit europeiske «kulturtyranni» ein møter på Hurtigruta der ho traust pløyger seg gjenom tung sjø langs Norskekysten, lasta med hundrevis av europeiske pensjonistar? Ein kan nok seia det, men det er eit «tyrranni» som har undergrave seg sjølv ved å vera det mest opne og framandvenlege kulturtyranniet i historia, eit «tyranni» som har fostra folk som Thomas Hylland Eriksen, den politiske korrektskapen, woke-kulturen og ein ny adel, som altså har fostra sin motsetning. Adelen i dag er dei kulturelle, sosiale, politiske og økonomiske elitane, dei «arbeidsfrie», administrative klassane, som, i motsetnad til adelen før i tida, utgjer bortimot eit fleirtal av befolkninga. Også adelen før i tida flaut på overflata av samfunnet, men på eit meir demonstrativt vis enn i dag. Det gjorde at dei til dømes kunne be folk om å ete kake når folk mangla brød, men dei hadde og ein meir eller mindre umedviten tanke om eigen undergang. Det sette dei i stand til å forma utsegner som «Apres nous, la deluge» (Etter oss, undergangen).
Den kulturelle og administrative adelen i dag har ikkje noko slikt undergangsmedvit, dei er overtydde om at det er dei og den politiske korrektskapen som skal berga verda. Dei har ikkje forstått at den utøyla liberalismen, den liberalismen som legg alle grensar opne, den liberalismen som gjer alt og alle like, som nektar for at noko må setjast føre noko anna, dei har heller ikkje forstått at eit slikt samfunn er på veg mot sin eigen destruksjon. Dei som ser bort frå grunnleggjande antropologiske innsikter, som ser bort frå kulturelle og økonomiske fakta, dei forstår heller ikkje at eit samfunn som let sine intensjonar og mål manifesterast slik at det støyter mot det som ikkje er samfunnsmessig realiserbart, er på veg mot si oppløysing.
Den politiske korrektskapen sitt mål er å kverka all kritikk gjenom ein statleg indoktrinering som ikkje har sin make historisk sett, og som er gjeve demokratisk legitimering ved å visa til et me lever i eit demokratisk samfunn. Indoktrineringa skjer mest utan å fengsla folk, utan nakkeskudd og utryddingsleirar og på eit så snedig vis at Adolf Hitler og Josef Stalin ville ha bøygd seg i støvet over kva det politisk korrekte samfunnet har fått i stand, utan vanlege, diktatoriske metodar.
Jomfrufødselen i Bethlehem
Det er ein person som skil seg ut mellom alle pensjonistane på Hurtigruta no i februar, ei ung kvinne som kvilelaust går rundt med eit spedbarn i ei vogn. Barnet gjev aldri lyd frå seg, noko som må seiast å vera uvanleg og på eit vis skremmande. Og mora er også uvanleg. Ho kan vera mellom 20 og 30 år, skinnmager med fyrstikk-tynne bein, med ei svært lita og mager rumpe og med ein front som er like flat som den berømmelige pannekaka. Ho går rundt som eit anorektisk skrømt og kunne godt takast som reklame og symbol for det vegetariske, grøne skiftet som er det store prosjektet til dei politiske korrekte elitane. Ho er like flat og uutvikla som ei 8 år gamal jente, og det virker heilt naturstridig at hennar kropp ein gong har båre eit anna liv og ein annan kropp inni seg. Ja, at ho har født eit nytt liv, virkar like utruleg som jomfrufødselen i Betlehem for vel 2000 år sidan.
Ikkje nokon mann er i lag med ho som trillar barnevogna langsetter skipsdekka. Det lyser ein slags desperasjon av fjeset hennar, og eg tenkjer at eg skulle seia nokre ord til ho om det vart høve til det, for å høyre kva ho slit med. Eg kunne til dømes seia kor eit vakkert barn du har, men barnet kan ha Downs syndrom og er dessutan so godt skjult i vogna at det ikkje vert anledning til å seia verken det eine eller andre. Og ein tanke slår meg. Her er framtida til det «kvite», patriarkalske Europa, men det er nok ingen tanke som plagar alle pensjonistane som stavrar seg langsetter lunsjbuffeten på Hurtigruta medan dei med skjelvande hender legg fisk og kjøt på spisefata sine utan å tenkja på at den verda de har vore med å skapa, er i ferd med å gå under – i dobbel forstand.
Den «siste filosof», George W.F. Hegel, hadde stor innsikt i mekanismane som er i sving når eit samfunn går mot sine grenser. Han har sagt at: «I skumringstimen flyg Minervas ugle ut». Skumringstimen for Europa har vart ei god stund, og ugla til Minerva er ikkje komen att frå sin flygetur. Men når ho er attende, kjem ho med ei bombe i nebbet.
Framheva bilde: Foto: OBB/politikus.no