Fredsprisen — ein tom stol?

Svein Grødaland kommenterte den 11. oktober fredsprisen for i år på Facebook-sida si. Innlegget er med hans godkjenning gjengjeve her:

Først av alt: Kva seier Nobel sitt testamente?
Ordet «fred» fins ikkje der. Derimot er det snakk om global demilitarisering. Som det står i Bergpreika; Salige er dei som skaper fred.
Opposisjon og arbeid for menneskerettar er viktig og nødvendig. All ære til dei som gjer det. Det er mykje som kan kritiserast, ikkje minst i autoritære statar. Men ikkje berre der.
Vesten har tre profilerte politiske fangar; Julian Assange, Edward Snowden og Mordechai Vanunu. Desse har, kvar på sitt vis, avslørt vestleg maktmisbruk og vestleg lygn og dobbeltmoral.

Dei har kanskje ikkje bidrege så mykje til fred. Derimot har dei avslørt eit massivt maktmisbruk frå styresmaktene si side. Detaljer fins på internett.

Poenget er at Norge og Nobelkomiteen er så totalt i lommen på USA at ein fredspris til Assange og Snowden er heilt uaktuell, fordi deira arbeid avslører USA sitt sanne vesen. Vanunu gjorde ikkje anna gale enn å avsløra at også Israel hadde skaffa seg atomvåpen, bak ryggen på forbodet mot at nye land skulle utvikla slike våpen. Hadde han vore frå eit land me ikkje likar, kunne han vore kandidat.

Mot dette bakteppet er prisen i år både feig og meiningslaus
Det har kome fram at den ukrainske organisasjonen som fekk litt pris, slett ikkje er for fred. Den støttar krigen og brukar tida på å leita opp russiske overgrep, ikkje arbeida for fred slik eg trudde i utgangspunktet. Der tok eg feil. Det er truleg ein god grunn til at det er sagt så lite om vinnaren frå Ukraina. Ein tynn pris. Det skal finnast andre miljø som fortener prisen bedre.

Eg kan berre minnast ein pris i farta som verkeleg tok tak i problematikken omkring krig og fred. Det var organisasjonen for atomnedrustning. Då sat vår statsminster demonstrativ og let vera å klappa for vinnaren. Det var ein upopulær pris. Norge nekta også å signera ein nedrustingsavtale, i solidaritet med Nato. Der valde regjeringa krigen framfor freden på vegne av oss.

Kanskje Kina hadde eit poeng då dei vart såra og vonbrotne over prisen til Liu Xiaobo i 2010?

Kanskje den same stolen hadde stått tom om Assange eller Snowden hadde fått prisen?

Eg let spørsmålet stå ope.

Foto: Svein Grødaland

Innlegget står for forfattaren si meining,
red. Politikus.