Olav Randen er fast spaltist i Klassekampen, og hadde 12. september i år eit innlegg om suverenitet, om nasjonalt sjølstyre i vår tid og i vår verd. Han la det seinere og ut på si eiga Facebook-side. Med hans løyve vert innlegget attgjeve her. Meiningane er sjølvsagt hans eigne.
Mellomtitlar er sett inn av Politikus.
Tankar om nasjonal suverenitet voks fram på 1700-talet som ein del av ei heilskapstenking knytt til menneskeverd. Suverenitet inneber at land på eiga hand og utan innblanding skal kunne forme sitt liv. Demokrati fungerer best mellom menneske som opplever at dei har noko felles, område, historie, kultur. Når folk i eit større område oppfattar seg som ein nasjon, skal verdssamfunnet akseptere det. Ingen utanfrå skal presse sine synsmåtar, sin religion, sitt styre eller sine varer og handelsordningar på andre nasjonar. Berre ved folkemord eller naturnedbryting skal det internasjonale samfunnet kunne gripe inn.
Noreg 1905 — Ukraina no
Suverenitetstenking låg til grunn for norsk lausriving i 1905. Dei i Sverige som ville halde på Norge, skjønte til sist at svenske soldatar kom til å desertere frå krig mot kameratar i vest. Tenkinga låg til grunn for det unge Sovjet i 1917 då dei gav storhertugdømmet Finland, som tsar-Russland hadde hatt hand om i meir enn hundre år, valet mellom sjølvstende og union. Tenkinga ligg bak FN-pakta frå 1945, utforma etter vonde krigsrøynsler. FNs mål er fredeleg sameksistens, vennskap og samarbeid mellom suverene land. Tankar om nasjonars rett til suverenitet var sentrale i tida med oppløysing av Sovjetunionen.
Det avgjerande kriteriet for nasjonar er altså innbyggjarane sine haldningar. Krigsinnsatsen viser at ukrainarar utan tvil ser seg som ein eigen nasjon. Spørsmåla om Donetsk og Luhansk, kanskje også Krim, er noko meir usikre og bør avklarast med tid og debatt og røystingar, om nødvendig med FN-hjelp.
Somme russiske statsleiarar forsvarar invasjonen med at Ukraina har leiarar med nazihaldningar. Om det hadde vore rett, gir det likevel ikkje Russland rett til å intervenere. På liknande vis har Ukraina suveren rett til å avgjere kva for alliansar dei vil vere med i og kven dei vil samarbeide med. Ønskjer landet Nato-medlemskap og Natos medlemsland vil ta dei inn i alliansen, er det Ukrainas val åleine.
Geopolitikk og sjølvstende
Men samtidig har Russland – som alle land – rett til trygge grenser. Når Nato fører krigar utanfor eige område, og når dei byggjer militærbasar og held øvingar nærast i gangavstand frå Russland, ser russarar med god grunn det som trugsmål. Dei har ikkje gløymt historia med Karl 12, Napoleon Bonaparte og Adolf Hitler. Dei veit at USAs militærbudsjett åleine er 12 gonger Russland sitt, og at medan Russland har ti militærbasar utanfor eigne grenser – ti for mange – har USA 600. Dei opplever at eliten i Vesten nærast demoniserer deira kultur og styrarar.
Om Nato reelt ønskjer fredeleg sameksistens med Russland, er det beste tiltaket forhandlingar med landet om ei militærfri sone på begge sider av grensa. Ei slik ordning kan knytast til kravet om russisk tilbaketrekking frå ukrainsk jord. Det er vanskeleg å sjå andre grunnar til at Nato ikkje vurderer denne vegen, enn at for alliansen er eit svekt Russland viktigare enn eit sjølvstendig Ukraina.
Ei ny tid: Vestleg verdsdominans tek slutt
Globalt er me i ein overgangsfase. Dei 500 åra med vestleg verdsdominans er i ferd med å ta slutt. Det gjeld også den stutte perioden med USA som einaste supermakt. USA er framleis ein militær gigant, men meir og meir med Kina både som kreditor og vareprodusent.
Den nye epoken kan bli ei tid med samarbeid mellom sjølvstendige land, eller det kan bli ei tid med blokkdominans liksom det halve tusenåret me har bak oss, men i denne epoken med Kina saman med andre asiatiske land og Russland i styringa. Finn me i Norge og andre vestlege land vår plass jamsides og ikkje over andre, er sjansane større for ei global framtid bygd på grunntanken om nasjonal suverenitet.