Cecilie Hellestveit: Hardt mot hardt. Noreg på veg inn i spagatens tiår.

I Dag og Tid fra 24.12.2021 skreiv Cecilie Hellestveit ein lengre kommentar om stoda i verda, i Europa og Noreg. Det var to månader før Russland angrep Ukraina. Det ho då la fram, har framleis nytte for dei som er interesserte i å forstå kva som rører seg i verda av rivalisering, konfliktar og skiftande alliansar. Og som er i utvikling. Ikkje minst kan det forklåra det handlingsrommet Putin må ha lagt til grunn.
Kommentaren er tillatt gjengjeve med Hellestveits og Dag og Tid sin løyve.
Mellomtitlar og uthevingar i teksten er satt inn av politikus.
Red, politikus. 

Vendepunktet: Hardt mot hardt no
«Verda står ved eit vendepunkt» uttala den nye amerikanske presidenten, Joe Biden, i mars om den skiftande globale dynamikken. «Vi vil berre klare å fremje amerikanske interesser og halde oppe dei universelle verdiane gjennom å arbeide for å gjere felles sak med våre næraste allierte og partnarar.»
Gamle alliansar vert fornya, nye pakter vert inngåtte, militære utpostar i ørkenland vert overlatne til andre, og bilaterale avtalar om basar, trening og militære operasjonar hjå perifert viktige småstatar som Noreg vert oppjusterte og utvida.
På russisk side går arbeidet i same retning. Putin nyttar den styrkte posisjonen som Russland mødesamt har bygd opp sidan 2008, til å setje raude strekar rundt moder Russland. Det er hardt mot hardt no.

USA: Gløym krigen mot terror: No gjeld det Russland og Kina
Alt for tre år sidan signaliserte den nye amerikanske forsvarsstrategien at jihadistar måtte nedprioriterast. Lat terrorkrigane gå sin gang! No gjeld det å halde Kina og Russland (og Iran) i sjakk – teknologisk, økonomisk og militært.
Tre år seinare har eit revisjonistik og stadig meir sjølvsikkert Russland bestemt seg for å stenge Nato ute frå Ukraina, koste kva det koste vil. Kinas appetitt på Taiwan vert stadig tydelegare, og militæropprustinga i Sør-Kina-havet aukar raskt.
Og mot sør mister USA og Europa grepet i atomforhandlingane med Iran, som trekkjer motvillig mot Asia for å unngå militærangrep frå Israel (og USA) som kan setje heile Midtausten i brann. Å kontre rivalar er eit sjansespel. Dei mørke skyene står i kø.

I Noreg drøymer vi mens verda endrar seg
Noreg lengtar vi tilbake til Barack Obamas fyrste periode. Dei oratoriske nådegåvene til Obama gjorde det såre enkelt for Ola og Kari å vere for alt som er godt, og mot alt som er vondt. Då kunne Noreg utan blygsel vise verda kor vi stod – last og brast med ein farga amerikansk president, for demokrati og menneskerettar, mot atomvåpen, for å avslutte ørkenkrigar og skape fred på vår jord. Det var tider.
Bildet har vore i endring lenge. Alt i 2008, då Russland rydda veg i Georgia, markerte Putin at Kosovo-operasjonen til amerikanarane i 1999 hadde vore over streken. Uro i Midtausten etter den arabiske våren har gått føre seg på banehalvdelen til realpolitikarane.
Etter at Syria eksploderte, tok Putin seg til rette på Krim og i Ukraina. Russland var òg på ballen i 2015 då den syriske borgarkrigen og IS truga med å velte heile det postkoloniale statskomplekset i Midtausten. Russland gjekk til krig for å redde Assad-regimet.
Gjennom samarbeid med Tyrkia og Iran, modellert etter USAs Dayton-prosess på Balkan på 1990-talet, vann Putin Syria-krigen og sikra seg ein ny sjefposisjon i Midtausten. Russland er no garantist mot full brann rundt både Tyrkia og Israel. Dei harde realitetane er at USA korkje kan trekkje seg ut eller halde Midtausten i sjakk utan at Russland spelar på lag.

Fleire vert avhengige av Russland
Moskva har òg skvisa Iran inn i eit hjørne. Då Trump-administrasjonen søkte å stagge Iran (og Kina) ved å gå frå atomavtalen i 2018, vart iranarane meir prisgjevne Russland. Putin var raskt på pletten og nytta USAs presskampanje til å tvinge iranarane inn i traktaten om Kaspihavet.
Avtalen gjev i praksis Russland og Iran militær kontroll over heile Eurasia, frå Arktis i nord til Indiahavet i sør (med kontroll over alle landtrasear for den kinesiske silkevegen). Iran har som einaste stat ikkje ratifisert avtalen. Han minner vel mykje om Gulistan-traktaten, ein kapitulasjonsavtale som Russland pressa Persia inn i etter den iransk-russiske krigen i 1813, og før valet i Iran var det uaktuelt.
Men tidleg i desember møttest Iran og Russland, og no kan russiske draumar verte ein realitet. Når Kaspi-traktaten trer i kraft, vil Russland for alle praktiske formål sitte med den militære makta over Kaspihavet. Jo dårlegare det går i atomforhandlingane med USA i Wien (og no går det elendig), jo større utsikter er det til at Putin får viljen sin med iranarane og kan feste grepet militært i det mjuke beltet mot sør.

USAs tap i Afghanistan styrka Russland
USAs val om å trekkje seg ut frå Afghanistan i haust har heller ikkje svekt Russland. Afghanistan ligg i ruinar etter at vestlege land tok med seg brorparten av den staten som mødesamt vart bygd opp gjennom 20 år med militært nærvær. I tidlegare tider vart slikt kalla brend jords taktikk.
Når ein trekkjer seg ut av ein krig (altså kapitulerer), er det ikkje uvanleg med hemn over samarbeidspartnarar som ikkje gjorde nok. Endå viktigare er det å hindre fienden som tek over, i å få «jord til å brødfø befolkninga». Då kan ein risikere at fienden ikkje berre vinn krigen, men freden òg.
Når Verdas matvareprogram no melder at i Afghanistan risikerer 60 prosent av befolkninga å nå eit kritisk sveltenivå denne vinteren, er det tungt for amerikanarane å halde den moralske fana høgt. Denne veka var det tvert om dei muslimske landa (OIC) som møtte Talibans utanriksminister med krav om at Taliban må fylgje forpliktingar dei har etter internasjonale traktatar om menneskerettar. Kravet kom frå 56 muslimske land, med Saudi-Arabia og Iran i spissen.
I Kampen mot terror er det Kina og Russland som no må fylle tomrommet USA etterlét seg i hjartet av Sentral-Asia. Under den kalde krigen var forholdet mellom Russland og Kina tidvis iskaldt, og ein av grensekonfliktane langs den 4200 kilometer lange grensa på 1960-talet truga med å bringa verda til randa av atomkrig.

Shanghai Cooperation Organisation (SCO), med India og Pakistan frå 2017
Kina om dei tre plagene: Terrorisme, separatisme og religiøs ekstremisme
På 1990-talet var Moskva og Beijing bekymra for lovlause tilstandar i og rundt Afghanistan etter Sovjets tilbaketrekning, og i 1996 fekk dei med seg tre sentralasiatiske republikkar i «Shanghai-landa» for å betre den militære tilliten i grenseområda. I juni 2001 vart Usbekistan med, og Shanghai Cooperation Organisation (SCO) vart etablert. Då India og Pakistan vart tekne opp som medlemmar i 2017, vart SCO den største regionale organisasjonen i verda.
Etter kvart har SCO vorte sett på som «Den austlege alliansen» fordi organisasjonen har fått aukande plass som tryggingsorganisasjon. (Putin skal ha invitert Ukraina inn i SCO i 2012.) SCOs «regionale antiterrorstruktur», med den slagkraftige forkortinga Rats, har som hovudformål å nedkjempe «dei tre vonda», som av kinesiske styresmakter er definerte som «terrorisme, separatisme og religiøs ekstremisme».
Russland og Kina samarbeider om innsats i sentralasiatiske land, Syria og no òg om Afghanistan. Irans medlemskap i SCO vart endeleg innvilga i september, samstundes med at USA trekte seg ut av Afghanistan.
I SCO-ramma har Kina og Russland organisert felles militærøvingar for å «samarbeide mot terrorisme». I 2015 heldt Kina og Russland felles maritime øvingar heilt aust i Middelhavet, utanfor Tyrkia-kysten. I 2016 etablerte dei eit felles terrorsenter i Bagdad, og sidan 2019 har også den kinesiske og russiske marinen delteke i maritime øvingar saman med den iranske marinen ved inngangen til Persiabukta.

Militærøvingar, sikre olja frå Golfen
Formålet er å sikre petroleum frå Golfen, der rundt 80 prosent går til marknader i Asia. Men øvingane har òg vore eit peik til amerikanarane. I 2019 terrorlista Trump den iranske revolusjonsgarden og dermed deler av den iranske marinen. Den kinesiske og russiske marinen har kvart år sidan trena på antiterroroperasjonar saman med «terrormarinen» til Iran på symbolsk vis.
Øvingar har òg spreidd seg til Europa. I 2019 deltok den kinesiske marinen i øvingar i lag med russiske styrkar ved Kaliningrad. I august i år lét Kina for første gong russiske troppar ta del i Kinas store krigsspeløvingar i Ningxia, på kinesisk jord.

USA gjenoppfriskar Quad
Etter retningsendringa i 2018 har USA òg gjenoppfriska Quad, ei uformell gruppe som består av India, Japan og Australia, og som Kina kallar «Asias Nato». I 2020 starta dei opp att marine militærøvingar i Bengalbukta og Filippinarhavet. Ein separat struktur er Aukus-alliansen frå september, som vil utstyre Australia med atomdrivne ubåtar som kan patruljere farvatna i Sør-Kina-havet og Taiwansundet.
Svar på tiltale kom i oktober i form av ei felles russisk-kinesisk marineøving utanfor farvatnet til Japan. Ein månad seinare flaug kinesiske og russiske bombefly tett på japanske og sørkoreanske luftvernsoner. Deretter har Kina og Russland inngått avtalar om endå tettare forsvarsband, mellom anna planar om å utvikle felles missilvernsystem og militærhelikopter og ein russisk-kinesisk forskarstasjon på månen. Truleg har Kina og Russland aldri vore tettare enn ved inngangen til 2022.

Stoltenberg: Kina og Russland er eitt
Under den kalde krigen var eit av dei store strategiske måla å hindre at banda mellom Russland og Kina vart for tette. Der er vi visst ikkje lenger. Natos generalsekretær Jens Stoltenberg uttala nyleg at det ikkje er noko poeng å skilje mellom Kina og Russland, verken i Europa eller i Stillehavet. Men sjølv om Kina neppe vil kome Russland til unnsetning i Europa, er det klart at forhandlingsposisjonen til Putin om Ukraina er dramatisk mykje sterkare slik forholda no er fatt med kinesarane.

USA bygde opp Ukraina militært
I Ukraina satsar USA på å kontre Russland i gråsonene om situasjonen skulle utarte seg. USA undersøkjer måtar å gjere effektiv motstand på innanfor folkeretten og har sett ned ei arbeidsgruppe for å sanke lærdommar frå vellukka opprørskrig – mot sovjetstyrkar i Afghanistan og kamp mot amerikanske styrkar i Afghanistan, kamp mot russiskstøtta styrkar i Syria og mot USA-støtta styrkar i Irak. Per i dag er det russiskstøtta styrkar som kjempar «opprørskampen» i Ukraina. Amerikanarane førebur seg på at partsforholda kan snu.

Tyrkia
I eit slikt scenario vil truleg Tyrkia vere ein nøkkel. Tyrkias militære samarbeid med ukrainske styresmakter har auka, og Erdogan kan verte eit viktig mellomledd for Moskva og Nato. Erdogan og Putin har etter kvart forbløffande lang trening i å stå på kvar si side i krigar i Midtausten, som i Syria, Libya og Aserbajdsjan.
Verda er truleg farlegare for Tyrkia om ikkje Russland er med i bakhand. Men i Ukraina kan Erdogan endeleg sjå sitt snitt til å både auke sin verdi for Nato og få eit betre balletak på Putin til eige bruk. Den nye verda er vond og vanskeleg.

Påverknadssfærar — berre for USA, ikkje for Russland
Kva er vel då betre enn at nordiske land er klare og tydelege. Denne veka slutta Noreg opp om ei felles erklæring med andre nordiske forsvarsministrar mot politikken til Russland i Ukraina. Her slo Noreg fast at «Europa skal ikke være åstad for innflytelsessfærer».Det var ein litt annan tone då Biden tidlegare i månaden tromma saman til «demokratikonferanse» for alle USA-vener. Noreg signerte villig slutterklæringa om USA i spissen for demokratisk kamp og «ikkje-bindande normer» – eit kodeord for «USA bestemmer» og omskriving av «ja til amerikansk innflytelsessfære». Erklæringa vart underteikna av tre nære allierte. Det var Australia, Danmark og Noreg.
Noreg er visst heller ikkje framand for «innflytelsessfærer» i Afrika. Dei norske soldatane som er på veg til Mali etter invitasjon frå Bamako, har vorte sette på vent. Mali har nemleg òg invitert inn private kontraktørar frå den russiske Wagner-gruppa.
Her gjer Noreg felles sak med Frankrike, som no nyttar den nye menneskerettsheimelen til EU til å presse russarar ut av franske påverknadssfærar som Mali og Den sentralafrikanske republikken. Heller ikkje i Afrika ser Noreg ut til å motsetje seg påverknadssfærar. Om det berre kan kallast noko fint og tener våre allierte.

Vi er på veg inn i spagatens tiår.

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett.

Framheva bilde er skjermdump fra Dag og Tid 24.12.2021

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s