Olav Randen:
Det er rikeleg med likelydande innlegg av typen: Eg/me/mitt parti fordømmer invasjonen, men la oss prøve å gå bakom:
Donetsk og Luhansk ønskjer truleg å bli sjølvstendige republikkar. Majoriteten av innbyggjarane der oppfattar seg truleg ikkje som ukrainarar og kanskje heller ikkje som russarar. Viss det er slik, bør dei kunne danne sine eigne statar, og desse statane bør anerkjennast av det internasjonale samfunnet.
Men folkeretten? Folkeretten vernar statane innanfor sine grenser, men om innbyggjarane i eit område oppfattar seg som eit anna folkeslag og eit folkeslag staten ikkje tek tilstrekkeleg omsyn til, ligg det innanfor folkeretten at dei har høve til å trekkje seg ut og etablere ein eigen stat, slik Norge gjorde i 1905 frå Sverige, Finland i 1917 frå Russland og Kosovo i 2008 frå Serbia. Serbia reiste sak for Den internasjonale domstolen i Haag mot lausrivinga, men fekk ikkje medhald.
Dette inneber altså ikkje at Russland har rett til å annektere Luhansk og Donetsk, om det no er det dei vil, men at områda har ein rett på sjølvstende som Ukraina ikkje vil gi dei. Det legitimerer ikkje eit åtak på heile Ukraina, slik det kanskje no skjer, men det legitimerer eit bidrag til å forsvare sjølvstendet til dei to områda.
Ukraina blir gjerne og med rette kalla Europas brødkorg. Meir enn halve landet, og meir enn Norges totalareal, er dyrka jord, og Ukraina står for nesten tidelen av verdas kornhandel, kveite, mais og bygg, over landegrenser. Berre USA, Argentina og Brasil eksporterer meir korn, og Russland omtrent like mykje (40 millionar tonn). I ei tid med trugande, større matmangel (forsterka av auka energiprisar og difor dyrare kunstgjødsel) og skjerpa konfliktar mellom aust og vest i verda er innpass i dette landet med den fruktbare svartjorda svært viktig. Kornspekulantar frå Kina, USA og Europa har såleis dei siste tiåra kjøpt opp mykje jord i Ukraina. Dei siste åra har det meste av korneksporten frå Ukraina gått til aust, til Kina, Egypt og Indonesia. NATOs motiv for innblanding er truleg meir ønske om korn enn om fred, og eit sentralt motiv for Russland er at dette blir hindra, slik at det meste av kornoverskotet går til deira samarbeidspartnarar.
Av dette ser me også problema med NATO. Forsvarsalliansen, for å bruke deira eiga nemning, blir ein blokkallianse og triggar ein tilsvarande austleg allianse. Hadde europeiske land lagt suverenitetsprinsippet til grunn i staden for «ein for alle, alle for ein», hadde landa hatt større sivilt handlerom. Russland ville ikkje ha opplevt seg truga på same måten av USA/NATO gjennom eit framtidig Ukraina innanfor den andre blokken, og krig hadde ikkje framstått som Løysinga slik det gjer no.
Nokre kommentarar frå Randen etter motinnlegg:
… skriv at det er problematisk for EU/NATO å godta Luhansk og Donetsk som sjølvstendige republikkar. Det kan så vere, men EU og NATO har godteke til dømes dei baltiske og balkanske statane, så det er vanskeleg berre om dei forskjellsbehandlar.
… skriv at eg skuldar samarbeidet i vest for å vere årsak til krigen. Det er å tøye det eg skreiv, vel langt. Men Russland oppfattar dei halvveges uttrykte lovnadene om ukrainsk NATO-medlemskap som eit trugsmål om NATO-basar også ved si sørgrense. Iallfall er det eit moment krigshissarar i Russland kan bruke.
… spør etter dokumentasjon på andre oppfatningar av folkeslag-tilhøyrsle i Donetsk og Luhansk enn andre stader i noverande Ukraina. Eg skreiv altså med ordet truleg framfor. Eg kan ikkje dokumentere fullgodt at innbyggjarane i Donetsk og Luhansk ikkje oppfattar seg som ukrainarar. Det er eit inntrykk eg har både av Minsk-avtalane og av innside-kommentatorar no, og med avtalesigneringane aksepterte vel også ukrainske styresmakter det, om dei har ignorert det etterpå.
… spør etter belegg for at kornproduksjonen i Ukraina er viktig for NATO. Det kan også berre sannsynleggjerast. Ukraina eksporterer årleg rundt 40 millionar tonn korn, nesten 10 % av verdshandelen, og på deira fruktbare svartjord kan dei med vekstskifte produsere dette kornet med moderate gjødselmengder. No går kunstgjødselprisane opp over store delar av verda, og det er grunn til å tru at bønder til dømes i Europa vil reagere med mindre kornproduksjon og mindre avlingar. Attåt gjer nedbygging av kornjord, tap av matjord pga erosjon og klimaendringar at kornmangel truleg kan kome i nær framtid.