Ingen NAV-skandale, men en EØS-skandale

Del:

I Dag og Tid var det i desember 2021 fleire artiklar av Rune Slagstad, presentert som Punktnedslag i norsk samtidshistorie. Artiklane var ein omarbeidd versjon av føredraget som Rune Slagstad heldt ved lanseringa av boka Mine dannelsesagenter. En politisk idéhistorie tidlegare i haust.
I den andre artikkelen skreiv Slagstad om Utholing av demokratiet. Undertittel i den artikkelen var «NAV-skandalen har retta søkjelyset mot eit demokratisk ustyrt, elitejuridisk maktmiljø rundt Statsministerens kontor og Regjeringsadvokaten». At det finst eit slikt «ustyrt, elitejuridisk maktmiljø» i Noreg er tvillaust. Det finnast eit nasjonalt ustyrt, elitejuridisk maktmiljø, og den eliten i EU-kommisjonen som overstyrer norske lover og forskrifter i trygdesaker. Det er ikkje ein NAV-skandale, men ein EØS-skandale når EU tek til seg retten til å styra vilkåra. Uansett kva ein meiner om trygdelover, nivået for ytingane og straffar for å bryta vilkåra for dei, må det grunnleggjande vera at det er norske folkevalde som skal avgjera det, ikkje EU-kommisjonen. Dette skriv eg om i eit innlegg i vekas utgåve av Dag og Tid, og som eg legg ut her.

Av Ove Bengt Berg

IMG_3629EU og EØS hóler ut demokratiet,
ikkje stortingsvedtak om Nav-reglar

Det er lett å gløyme at EU og EØS hóler ut det norske demokratiet. I artikkelen til Rune Slagstad med overskrift «Utholing av demokratiet» er det sett opp ein undertittel «Nav-skandalen har retta søkjelyset mot eit demokratisk ustyrt, elitejuridisk maktmiljø rundt Statsministerens kontor og Regjeringsadvokaten». I teksten skriv Slagstad at det har skjedd ein liberal og konstitusjonell vending som etter kvart også har nådd fram til universitetsjuristane «med aktuelle innslag knytte til Nav-skandalen i seinare tid». Slagstad skreiv at «Nav-skandalen har i det siste fått ei ny styringsjuridisk omdreiing».

Om Slagstad er ute etter å avsløra eller å motarbeida «ustyrte elitejuridiske maktmiljø», er det eit bomskot å leggja til grunn «Nav-skandalen». For påstanden om det som hevdast å vera Nav-skandalen gjeld det at det Stortinget har vedteke og halde fast på i årevis om vilkåra for å få ytingar, er sett til side av eit demokratisk sett særs «ustyrt elitejuridisk maktmiljø», nemleg EU-kommisjonen gjennom sine ordrekanalar EØS-avtalen og ESA-domstolen. At Stortinget sjølv har broti Grunnlova og gjeve frå seg styringsretten generelt i Noreg, og ikkje av eige tiltak eller frå hjelparane sine i Nav klarer å følgja opp konsekvensane sine eigne underordningar, gjer det ikkje til ein Nav-skandale eller ein trygdeskandale, men til ein EU-/EØS-skandale. Alt i 1884 fekk vi et parlamentarisk styringssystem i Noreg, medan EU-kommisjonen i dag styrer på føydalt vis uavhengig av folkeleg og dermed demokratisk mandat.

I til dømes 2016 var det 146 246 personar i Noreg som fekk ytt stønad i vente på mogeleg uføretrygd — arbeidsavklaringspengar — på visse vilkår. Av desse 146 246 som sa ja til vilkåra for ytinga og dermed fekk ho, fann Nav ut at 250 av dei (0,2 prosent) hadde brote vilkåra. Dei vart straffa for det, og norske domstolar sa at Nav si tolking var i samsvar med lova vedteke av Stortinget. Det er ein grunnleggjande demokratisk rett og forståing at det er norske folkevalde politikarar som skal vedta kva stønader og ytingar vi skal ha i Noreg.

At dei folkevalde gjev frå seg styringa til eit ikkje folkevald internasjonalt organ som EU-kommisjonen, og samstundes praktiserer regler som er i strid med EU-kommisjonens ekstreme nyliberale økonomiske usosiale politikk, gjer det ikkje rett å kalle dette ein «Nav-skandale». Slagstads «demokratisk ustyrte elitejuridiske maktmiljøet» står ikkje for ein Nav-skandale. Den demokratisk ustyrte eliten står for ein EU-/EØS-skandale.

Framhevet bilde: Foto: Stortinget. Illustrasjonstekst på bildet: politikus.no