
Erik Solheim er tidlegere leder i Naturvernforbundet og fast skribent i Dag og Tid. Han skreiv vinteren 2020 to artikler om realismen i alle de vedtatte klimatiltaka internasjonalt og nasjonalt. Innlegget hans om Klimakur 2030 blei omtalt med sitater 12. august. 13.03.2020 skreiv han om «grunn klimapolitikk». Han konkluderer: «Den etterlengta verda med meir av det vi har streva etter – men utan gassar som stig mot himmelen – er nok ein draum, ikkje noko vi får oppleve i røynda. Tiltaka i klimapolitikken kan ikkje føre fram, og mange av dei er direkte skadelege for naturen.»
Med hans tillatelse gjengis innlegget han hadde i Dag og Tid 13.03.2020:
Debatten har gått i meir enn 20 år. Avtalane frå store toppmøte om «den største oppgåva i verda» er mange og ambisiøse. Dei praktiske tiltaka er likevel nølande. Utsleppa stig. Det einaste som dempa gassmengdene, var den økonomiske stagnasjonen etter finanskrisa i 2008. Men ho gjekk over, og den fossile logen vart større enn før.
Dette er sikkert eit uttrykk for kor vanskeleg oppgåva er, og at statane prioriterer økonomisk vekst over alt anna. Det er ikkje lett å finne teikn til at utsleppa av klimagassar vil gå ned som resultat av politiske vedtak. Fossil energi har i eit par hundre år vore drivkrafta i vestleg økonomi. Alt i samfunnet er innretta etter det. Fossil energi er billeg, tilgjengeleg i store mengder og lett å handtere. Fossilbålet gav ein enorm rikdom.
Fornyeleg energi
No er tanken at den økonomiske veksten skal halde fram, men med andre middel – fornyeleg energi. Tiltaka i klimapolitikken er oppskrifter på lindrande tiltak for å dempe skadane av eit enormt og veksande forbruk av nettopp den energien som held liv i rikdommen. I medisinen heiter slikt palliativ hjelp. Det er støtte for å lindre smertene når sjukdommen ikkje lenger er til å stanse.
Den nyaste utsleppsdrivande verksemda er datateknologien. På kort tid har denne teknikken nådd opp i 4 prosent av primærenergiforbruket i verda. 80 prosent er fossilt. Veksten er for tida 9 prosent i året, skriv Sébastian Broca i den norske mars-utgåva av Le Monde diplomatique.
Vi godtek flaumar av gift og utarmande barnearbeid for å få tak i kobolt og andre sjeldne metall. Stoffa trengst, men i så små mengder at dei er vanskelege å vinne igjen frå kasserte maskiner. Det er større sakleg grunnlag for dataskam enn for flyskam.
Alternativa til fossil energi i verda er stort sett det som er å hente med vindturbinar og solceller og frå skog eller åkergrøder. I Europa har Tyskland satsa mest på vind, og nådde vel 3 prosent av det samla energiforbruket før utbygginga regelrett stansa. Protestane vart for store. Straum frå solceller dekkjer eit par prosent av energiomsetninga i landet.
I Storbritannia undersøkte fleire kommisjonar den teoretiske og praktiske tilgangen på fornyeleg energi. Overslaga varierer frå 13 til 45 prosent av det samla forbruket. Eit nyare tal frå professor David JC MacKay i 2009 endar på 14 prosent, nesten halvparten av det som går med til å drive bilane. Ingen har levert noko faktisk grunnlag for å tru at vi kan ture vidare på same måten utan fossil energi. Men det er den draumen mange ber på.
Økosystem
Filosofen Arne Næss ville ha kalla strevet etter meir fornyeleg energi for grunn økologi, ein tankegang som går ut på at pengeøkonomien må berre vekse, men med nye tekniske løysingar for å mildne skadane på naturen. Motstykket, som Næss kalla djup økologi, krev at vi går til røtene av problemet og ikkje berre tek hand om nokre utvalde greiner som vi trur det er lett å fikse.
Etter Kyoto-avtalen fekk vi så ei kraftig innsnevring av synet på miljøvern. No vart berre klimaet verdt å bry seg om. Resten av naturen fekk status som innsatsfaktor, som i økonomien. I dag er dette meir dramatisk enn då Arne Næss skreiv i 1970-åra. Sidan den tid er talet på ville dyr i verda halvert, i den sjette masseutryddinga – gjennomført av mennesket åleine. Fundamentet under livet på jorda smuldrar under våre maskiner.
Ei innsnevring av fri natur i dag er meir alvorleg enn for 50 år sidan, fordi det er så lite intakte økosystem igjen. Biologane snakkar om utdøyingsgjeld, at utarminga av livet vil halde fram sjølv om det brått skulle verte slutt på nye inngrep og utslepp. Heller ikkje den lindrande medisinen verkar. Den etterlengta verda med meir av det vi har streva etter – men utan gassar som stig mot himmelen – er nok ein draum, ikkje noko vi får oppleve i røynda. Tiltaka i klimapolitikken kan ikkje føre fram, og mange av dei er direkte skadelege for naturen.
Framhevet bilde: Foto: mrganso, Pixabay